Referanse- og eksemplarinformasjon på pensumlista samsvarar ikkje altid med det som er i bibliotekskatalogen

Christoffer Naustdal
Innlegg: 13
Registrert: tor 18 jan, 2018 8:53

Referanse- og eksemplarinformasjon på pensumlista samsvarar ikkje altid med det som er i bibliotekskatalogen

Legg innav Christoffer Naustdal » man 25 feb, 2019 14:23

Hei!

Eg ynskjer å oppmerksame eit problem med Leganto som dreier seg om kva som blir vist av referanse- og eksemplarinformasjon. Når faglæraren søkjer opp ei bok/artikkel og legg den til på pensumlista så hentes all referanse- og eksemplarinformasjon inn frå Alma. Deretter kan faglæraren (eller biblioteket for den delen) endre på referanseinformasjonen. Derimot vil eksemplarinformasjonen vere uendra.

Døme: Ein faglærar søkjer opp ei bok som er 3.utg og legg den på pensumlista. Ho kjenner til at ei ny utgåve nett har kome. Ho endrar difor all referanseinformasjon, så at det stemmer med 4. utg. På eksemplarvisninga vil det derimot framleis bli vist til eksemplarar for 3.utg. Den eksemplarinformasjonen er det vi ser når vi på biblioteket sjekkar lister, men òg som studentar ser i Leganto.

Merk at læraren ikkje endrar på den bibliografiske informasjonen som ligg i bibliotekskatalogen i Alma, derimot på den bibliografiske informasjonen for akkurat den pensumlista og referansen.

Dette er ekstremt vanskeleg å oppdaga. Det gjeld for alle referansar, men i praktikken er det nok bøker som er i risikosona.

Sjå heile eposten eg sendte ut til HVL i vedlegget. Sjå òg oppsettet eg brukte i Leganto for å finne referansane. Dette basert på årstal.
Hjå oss var det over 100 referansar som har fått endringar på årstal.
Vedlegg
Referanser som har blitt endra.pdf
(317.12 kiB) Lastet ned 378 ganger
Analytics - sjå referansar som har blitt endra.PNG
Analytics - sjå referansar som har blitt endra.PNG (277.31 kiB) Vist 4162 ganger
Med venleg helsing
Christoffer Naustdal
Høgskulen på Vestlandet

Emmanuelle Annie Pascal Dabin
Innlegg: 16
Registrert: fre 22 sep, 2017 9:07

Re: Referanse- og eksemplarinformasjon på pensumlista samsvarar ikkje altid med det som er i bibliotekskatalogen

Legg innav Emmanuelle Annie Pascal Dabin » fre 08 mar, 2019 10:26

Hei,

Jeg kan bekrefte at forslaget er meldt inn til Ners. Vi kommer til å sende et avstemmingsskjema ila mars, etter konferansen.
Jeg håper at så mange institusjoner som mulig vil stemme på forslaget.

Mvh Emmanuelle


Gå tilbake til «Leganto»

Hvem er online

Brukere i dette forumet: Ingen registrerte brukere og 2 gjester