Side 1 av 1

Avhandlingar, master- og bacheloroppgåver

Lagt inn: tir 02 sep, 2014 12:17
av Gerd Vik
Etter at Brage-arkiva er importert i Oria, ser vi at mange masteroppgåver og bacheloroppgåver no har fått feil materialtype og blitt til «avhandling»…

Vi har sjekka ein del postar både frå vårt eige arkiv - HiSF Brage, Politihøgskolen og Bora. Vi ser då under «Detaljar» i Oria for desse «nye avhandlingane» at «kjelda» under ofte er 001_BIBSYS Consortium. Nokre masteroppgåver står også med rett materialtype. Då er kjelda BIBSYS ILS. Vi reknar med at det er desse oppgåvene som alt har vore registrert i «Blå Bibsys»?

Dei opne arkiva er som oftast registrert i Dublin Core-formatet. Her går det klart fram kva type oppgåve det er snakk om: dc type - og her kan stå Doctoral thesis / Master thesis / Bachelor thesis. Korleis vert opplysningane frå Dublin Core overført til Oria?

Vi meiner at bacheloroppgaver absolutt bør inn som valg på materialtype i Oria - slik at vi både kan velje det aktivt og ta slike oppgåver vekk frå ei treffliste.

Re: Avhandlingar, master- og bacheloroppgåver

Lagt inn: fre 26 sep, 2014 8:32
av Gerd Vik
Som ein ser av bildet her, blir bacheloroppgåver "oppgradert" til avhandlingar i Oria:

OriaEksFamilieråd.JPG
OriaEksFamilieråd.JPG (31.81 kiB) Vist 6763 ganger


Post nr 1 er truleg henta frå "blå Bibsys" og nr 2 er nok importert frå Brage HiM. Men i Brage HiM ligg info heilt korrekt som bachelor (dc.type).
Me ber om å få svar frå Bibsys her!

Re: Avhandlingar, master- og bacheloroppgåver

Lagt inn: fre 26 sep, 2014 14:38
av Silje Eikrem Færøy
Det blir misvisande for studentane når bacheloroppgåver blir lista som avhandlingar. Håper Bibsys kan rette opp det.

Re: Avhandlingar, master- og bacheloroppgåver

Lagt inn: man 29 sep, 2014 8:54
av Grethe Høyvik Hansen
HSH opplever samme problem som Gerd beskriver og støtter forslaget om at bacheloroppgaver må skilles ut som egen søkbar dokumenttype.